Nettsted: https://www.alesundframtidslab.no/
Lokasjon: Ålesund
Hovedarbeid med bærekraftsmålene
Gjennom prosjekt mellom partnarar, skal Framtidslaben sørge for berekraftig by-, samfunns- og næringsutvikling. Framtidslaben har no 13 aktive prosjekt.
Framtidslaben er bygd opp av partnarar frå det offentlege, næringsliv, akademia, det sivile samfunnet. Prosjekta skal bidra til å nå FNs berekraftsmål innan 2030 samtidig
som dei skapar verdiar og moglegheiter for dei involverte partnarane.
For å nå hovudmålet skal framtidslaben jobbe aktivt med desse strategiane:
PARTNARSKAP
Partnarane skal samarbeide på tvers i prosjekt som skal bidra til å nå FNs berekraftsmål, basert på resultata av FNs KPI-analyser.
PROSJEKTFASILITERING
Ålesund framtidslab skal legge til rette for at partnarar kan dele kunnskap, kompetanse og erfaring gjennom handlingsorienterte prosjekt.
MØTEPLASSAR
Framtidslaben skal vere den føretrekte møteplassen for å stimulere til – og gjennomføre, prosjekt med fokus på smart og berekraftig by-, samfunns- og næringsutvikling. The The North West er ein viktig arena der Ålesund framtidslab bygger relasjonar, deler rfaringar, hever kunnskapen og utfordrar etablerte sanningar.
RESSURSSENTER
Framtidslaben og partnarar skal vere eit ressurssenter for smart og berekraftig utvikling lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt.
Tilbake til bærekraftsmålene i Norge
Innholdet på denne siden er produsert av virksomheten selv. Virksomheten har samtykket til at innholdet publiseres.